EventiOggi.net

Yogaferie til Italia m/Gunhild mai 2018

Abbazia di San Pietro in Bovara, VIa don Sturzo, 5
Trevi
ilConvento Studie- og feriesenter
Perugia (PG)
Tel 2018-05-18
Categoria Eventi


YOGA reise til Umbria i Italia - ei sanseleg veke på klosteret Ilconvento 18. – 24. mai 2018 Distriktet Umbria går over i Toscana, midt i hjartet av Italia. Eit vakkert stykkje Italia med historiske landsbyar, god lokal mat og med den rolige italienske stemninga. Kvar einaste dag får vi nyte det lokale kjøkenet på klosteret. Dei nyttar kortreiste råvarer og er lidenskapeleg opptekne av kva som blir servert. Dette er ei veke for alle sansar. På reisa er det 2 yoga økter kvar dag. Yoga er ei god form for fysisk trening, men det er og ei øving i å vere til stades og å vere konsentrert. Som ein eldgamal disiplin og filosofi fremmer yoga tradisjonen helse, tilfredsheit og ro. Balanse, styrke og fleksibilitet for kropp og sinn. Pust, merksamheit og avspenning ilag med fysiske øvingane.

Yoga er ei skånsam treningsform, med stor effekt på musklar, skjelett og ledd. Yoga er ein holistisk retning, som tar med heile mennesket. Det er ikkje fokus på enkelte muskelgruppe, men ein gjer øvingar som er bra for heile kroppen. Som indre organ, fordøyelse, nervesystem, pust og sinn. Yoga er personlig. Kva ein legg vekt på, eller har nytte av - er opp til kvar enkelt. Menneske i alle aldrar, med ulik bakgrunn og evner vil ha glede av Yoga. Reisemålet Ilconvento http://www.ilconvento.org/no. Vi flyr til direkte frå Oslo til Roma. Frå Roma reiser vi med buss nordover til Umbria og Ilconvento: „Italias sitt grøne hjarte“ Umbria ligger midt i Italia og er ein oase. Eit mjukt bølgande landskap med elvar som svingar seg gjennom det grøne. Her lever dei „det gode liv“ i små og mellomstore byar med stolte tradisjonar. Regionen andar av fred og tolmod. Kanskje ikkje tilfeldig at den heilage Frans av Assisi kom nettopp herifrå? Vi skal bu i det gamle klosteret Abbazia di San Pietro: Ilconvento: Hotellet ligg ca 2,5 timar med buss frå Roma. Frukost, lunsj og middag serverast kvar dag i hagen til klosterert. Ilconvento er valt med omhug - for at du skal få et godt opphald for kropp, sjel, sinn og sansar. Litt om Gunhild: «Etter bare en time med Hatha yoga i USA i 2002 blei eg ‘hekta’ på yoga. En time på matta hadde gitt meg ein så sterk lykkefølelse at eg visste på slutten av den første timen at dette var eg nødt til undervise til andre. I 2007 utdanna eg meg til yogalærer med bakgrunn Ashtanga yoga frå Red Lotus School of Yoga i Michigan, USA. Eg har hatt gleda av å undervise yogis i alder 0-97 år i Norge, USA og Australia. I timane mine delar eg dei mentale, emosjonelle, fysiske og spirituelle godene frå yoga og meditasjon. Yoga er alt dette for meg. Yoga er hele pakken. » Denne veka vil gje deg: 2 daglige yoga økter, morgon og ettermiddag, med variert trening tilpassa ulike nivå. Det blir varierte timar med ulike former for Yoga. Gunhild har stor kunnskap og lærdom. Mellom yoga samlingane nyt du eiga tid på området rundt klosteret mellom vinrankar og oliventre. NB. Vi tar atterhald om eventuelle endringar i programmet. Ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå for meir informasjon og påmelding: e-post: [email protected] tlf.: 57 72 50 70. Påmelding til: [email protected] REISEFAKTA <3 Turpris: kr. 12.900,- <3 Tillegg for enkeltrom kr. 1.900,- (avgrensa antal) <3 Anntal dagar 8 <3 Avreisedato 18/05/18 <3 Returdato 24/05/18 <3 Irekna i turprisen : * Flyreise Oslo – Roma t/r * Busstransfer frå Roma til Trevi * 6 netter i delt dobbeltrom på Il Convento <3 Vin til enkelte måltid <3 6 frukost, 5 lunsj og 5 middag <3 Gunhild som yoga instruktør <3 2 varierte yoga økter kvar dag <3 Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Comments
Tusen takk for invitasjon, det ville eg vært med på




Home Page - Privacy Sitemap Copyright © 2017 In EventiOggi.net

P9